Monthly Archives: February 2015

Om korleis det eine cornerflagget på fotballbanen i Mathopen får mykje meir morgonsol enn det andre.

Eg har ikkje budd så lenge i Mathopen og skal difor vera svært forsiktig med å utrope meg til spesialist på nærområdet rundt der eg bur.  Det er ikkje alltid eg kjenner min eigen begrensning, men i dette tilfellet gjer eg faktisk det.  I og rundt Mathopen har eg lagt merke til at mange adresser og stadnamn har førestavinga “Kongs”.  Det har vel noko med at Håkon den Gode labba rundt i området her for litt over tusen år sidan, har eg tenkt.  Frå Wikipedia-sida har eg saksa dette: “Håkon den gode Adalsteinsfostre (Hákon góði, Hákon Aðalsteinsfóstri) var Norges konge fra ca. 933 til 961. Han levde ca. år 918–961.”  Håkon den Gode blei fødd og døydde på Håkonshella ifølgje Snorre Sturlason.  Eg slår meg til ro med denne forklaringa på alle kongsnamna.

Like ved skulen i Mathopen ligg Kongsmyr idrettsplass.  Rett aust for fotballbanen ligg Store Kongshaugen.  No vil eg legge fram beregninger som viser korleis tidene for soloppgang kan variere over veldig små avstander når det er bratt terreng like ved.    Her er ein figur som viser solgangen ved vårjamndøger 21. mars ved det søraustlege cornerflagget på Kongsmyr idrettsplass.

mathopen_fotballbanen_soraust

Soloppgang er beregna til 10:42 ved vårjamndøger.  Store Kongshaugen ruvar til venstre, og den gule kurva viser sola sin bane over himmelen denne dagen.  Under her kan ein sjå samme solanalyse for det nordvestlege cornerflagget.

mathopen_fotballbanen_nordvest

Her står sola opp klokka 08:49 ved vårjamndøger, altså 53 minuttar tidlegare enn for det søraustlege cornerflagget.  Store Kongshaugen er på langt nær så ruvande sett frå dette cornerflagget.

Altså kan solforholda variere betydeleg over svært små avstander.  Terrengdataene som ligg bak desse beregningane er frå Statens Kartverk og dei er på eit rutenett med 10 meter mellom punkta der høgda over havet er oppgitt.  Då eg skulle kjøpe hus i 2013, var solforhold ein nøkkelparameter som eg ville ha kontroll på.  Suncurves blei til nettopp fordi eg skjøna at terrengskuggen kunne beregnast og fordi eg ikkje fann verktøy på nettet som kunne gjera dette for meg.  Erik Kolstad var også begeistra over ideen og me sette igang.  No er verktøyet oppe og går og per idag har me over 3400 brukarar og me får 100 nye brukarar i veka så det er tydeleg at mange tykkjer tenesta er nyttig.  Om du ikkje alt har prøvd tenesta så gjer det no.  Det koster ingenting å registrere seg og utføre ein solanalyse for yndlingsplassen din eller eit hus du lurer på å kjøpa.  Om du er keeper på Mathopen sitt oldboys lag så kan du til og med sjekka solforholda på fem-meteren på kampdagen.